| Framsida | Kontakt oss | Fråsegner m.m. | Utstyr til utlån/leige | Bli medlem | Ut på tur | Om oss | Lokallaga |
Natur i musikken og musikk i naturen
![]() Lindigo skapte maloya-power på Hafstadfjellet
Indre Sunnfjord Turlag har også i år samarbeid med Førdefestivalen om to turar! Tema for festivalen er «Musikk & Natur», noko som skulle freiste mange turlagsmedlemmar til Førde desse dagane. Og, alle DNT-medlemmar får 20% rabatt på festivalpass!
7-Fjellsturen - 20 års jubileum i 2013
Lørdag 22.06 er det igjen klart for Indre Sunnfjord Turlag sin 7-Fjellstur i fjella rundt Førde. I år er det 20. året på rad for denne styrkeprøva. Antal deltakarar har auka jamt og trutt gjennom åra. Dei første åra,frå 1994 og utover låg deltakartalet som regel ikkje på meir en 10-12 stk,men ettersom åra har gått har fleire og fleire tatt steget og meldt seg på denne lange og seige turen. Heile turen er ca 37 km, 2700 høgdemeter opp og 3000 høgdemeter ned,og tar mellom 13 og 14 timar. Har du ikkje gått turen før kan dette vere året å prøve,det kan bli ei spennande reise over dei 7-fjell. Med feiring av 20.årsjubileum kan det dukke opp overraskelsar av ymse slag undervegs. Vakker ramme rundt Landsmøtet DNT![]() Engasjert og stor delegasjon frå Sogn og Fjordane på Landsmøtet i Tromsø by og Marino J. Ask fekk fornya tillit som Landstyrerepresentant i DNT. F.v. Marino J. Ask, Astrid Kalstveit, Grethe Sunde Langeseth, Wenche Midthun, Ragna Renna, Vigdis Flaten Kvamme,
Marte Kviberg, Benthe Kjøs, Roger Bareksten og Leif Longvanes. Foto: Astrid Kalstveit
Sjå bilete Martin Hauge-Nilsen LM 2013 her
UT-dagen på Peer Gynt-stemnet 8. augustLes program her Lustring blir ny nestleiar i DNT ungLuster Turlag sin "ung-sjef", Stig Øystein Schmidt, er no valt inn som nestleiar i DNTung nasjonalt. Me gratulerer Stig Øystein og ønskjer han lukke til med arbeidet i Noregs største friluftsorganisasjon for ungdom.
125.000 kroner til born og unge!
Sogn og Fjordane Turlag er tildelt kr. 125.000 frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane i dag.
9 Barnas Turlag og Ung grupper har søkt samla og fått tildelt midlar til ny aktivitet. Mange ynskjer seg innkjøp av kanoar, slik at fleire unge kan få oppleve gleden ta seg fram i det våte element. Det vert søkt om midlar til m.a. telt, sekk, bålpanner og mat på bål og Geocaching. Alle fekk tildelt sin søknadsum og mange takk til Sparebankstiftinga. Vi håpar på fin vår og sommar og mykje kjekk friluftsaktivitet og ynskjer også nye born og unge med på tur! Sogndal turlag til Skjorta (1472 moh)
På toppen av Skjorta søndag 7. april
Vi var 9 personar, inkludert turleiarane Marino Ask og Tom Dybwad og kjentmann Joar Eide, i alt 4 karar og 5 kvinner og ein hund, som la i veg frå Helgheim i 9-tida om morgonen. 5-10 cm nysnø oppå eit hardt snølag bar bod om at skiføret ned kunne bli bra. Foto og tekst turleiar: Tom Dybwad BaseCamp Vinter - strålande ungdom i strålande sol!![]() Fart og moro på BaseCamp. Alle foto leirleiar Åse Steinsbø Støfring.
23.-26. mars arrangerte Sogn og Fjordane Turlag BaseCamp Vinter på Fivlehyttene i Luster. 8 ungdomar og leirleiar kosa seg fire dagar til ende oppe i snøriket i Luster. Hyttekos, topptur, minikurs skred og brattkjøring stod på programmet.
Mange takk til dugnadsgjengen frå Luster Turlag, som alltid stiller villig opp for oss og gjer BaseCampen vellukka. Asbjørnnosi, 1610 moh. - sol og kald djup laussnø!
Turfølgje på toppen av Asbjønnosi. Foto og tekst Marino J. Ask
Kalde 19 grader syner gradestokken når vi nærmar oss ”Gåpn”. Mars- morgonen er av det svært kalde slaget. Men sola varmar kjølte turgåarar i det vi kliv opp frå Leirdalen. Utsynet mot Hest og fjella rundt oss er mektig. Blant Josetedalen sine mange ”hangande” dalar er Leirdalen i særklasse. Motbakken vi har føre no byr på raskt stigande høgdemetrar. Eit vellagt spor frå tidlegare gjer det mest enno lettare. Venevaseggja 2. påskedag
Ceciliekruna 30.3 Jammen var det langt
Oppstigninga til brekanten var tung på grunn av skare og hard snø. Vel oppe på Myklebustbreen vart det andre snøforhold og delvis brøyting av løype. Vi stod på toppen ca 1530, og kunne nyte utsikten til Sunnmørsalpane og bl.a Lodalskåpa. Sogndal Turlag - DNT ung på tur i vintereventyret!
Skund deg og meld deg på-dette blir kjempegøy!
Fantastiske naturomgjevnader for DNT Fjellsport sitt årsmøte![]() Frå torsdag 7. og til søndag 10. mars var delegat frå heile landet samla til DNT Fjellsport sitt landsmøte på Eikum Hotel i Hafslo. Deltakarane fekk oppleve naturherlegheiter i Luster og Sogndalsdalen med lokale turleiarar som guidar. Heile gjengen samla på toppen av Spørteggsbu (Trekanthytta). Foto: Vigdis Flaten Kvamme Ny aktuell bok om ferdsel i bratte vinterfjell
NY BOK: SKIKOMPIS. SNØSKRED OG TRYGG FERDSEL
|
SøkTurar og aktivitetar
|